Påtalemakta

Påtalemakta avgjer mellom anna om det skal takast ut tiltale i straffesaker, og aktorerer saker for domstolen.

I dei aller fleste tilfella avgjer påtalemakta i politiet om det skal skrivast ut førelegg eller reisast tiltale, men for dei mest alvorlege brotsverka ligg tiltalekompetansen hjå statsadvokaten eller riksadvokaten. Dei nærmare reglane om dette finst i straffeprosessloven kapittel 7.

Sjølv om påtalemakta opptrer som part i straffesaka, har ho ei objektiv rolle. For at påtalemakta skal ta ut tiltale, må ho kjenne seg overtydd om at gjerningspersonen har straffeskuld, og meine at det kan førast tilstrekkeleg bevis for straffeskulda i retten. Dersom vurderinga av bevisa munnar ut i at vilkåra for straff ikkje er oppfylte, har påtalemakta plikt til å stanse forfølginga. Forsvararar har ikkje noka liknande objektivitetsplikt. Om lag 95 prosent av alle straffesaker som blir handsama i rettsapparatet, endar med domfelling.

Påtalemakta i Noreg har tre nivå: politiet, statsadvokatane og riksadvokaten. Dei to sistnemnde nivåa utgjer Den høgare påtalemakta. Det overordna ansvaret for alt straffesaksarbeid – i politiet så vel som i Den høgare påtalemakta – ligg hjå riksadvokaten.

Ansvarsforholda i politiet er dermed tvidelt: Medan ansvaret for straffesaksarbeidet ligg til riksadvokaten, har Politidirektoratet og Justisdepartementet ansvaret for administrative, økonomiske og politifaglege spørsmål.  (som til dømes førebyggjande verksemd og ordensteneste). Dette tvidelte  systemet underbygger påtalemakta si sjølvstende, og motverkar politisk påverknad i einskilde saker. Rett nok endar begge spora hos Kongen i statsråd, men det er lang tradisjon for at regjeringa ikkje nyttar den formelle posisjonen som øvste påtalemakt til å instruera riksadvokaten om handsaminga av den enkelte straffesak. Ei form for eit tvidelt system, der påtalemakta sitt sjølvstende både under etterforsking og påtaleavgjerder er det sentrale, finn ein i dei fleste land i kulturkretsen vår. I framveksande demokrati vil det vera eit mål for påtalemakta å oppnå eit sjølvstende som kan likestillast med dommarar.

I Noreg er fyrste nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta som vert leia av politimeistrane. Fordelen med ei påtalemakt i politiet er særleg at det legg til rette for eit nært og godt samspel mellom påtalejuristane og polititenestemenn under etterforsking;  ein såkalla integrert og framsynt påtalefunksjon. Påtalejuristen (ofte ein politiadvokat) har gode føresetnader for å klarleggja kva for faktiske omstende  ei etterforsking  bør retta seg mot, medan politiet sine etterforskarar på sida si er best rusta til å bringe fram den etterspurde informasjon, gjennom undersøkingar og avhøyr mm. Nokre metodar for innhenting av informasjon krev dessutan påtalemakta sine slutningar eller domstolane sitt samtykke, slik at påtalejuristen òg av den grunnen må trekkjast aktivt inn i etterforskinga.

Danmark har og integrert påtalemakt i politiet, men dei fleste andre vestlege land, som til dømes Sverige, har eit skarpare administrativt skilje mellom politi og påtalemakt. Men òg i desse landa har påtalemakta som regel ei sentral rolle i etterforskinga.

Spesialeininga for politisaker har ansvaret for å etterforske saker der tilsette i politiet og påtalemakta er melde for å ha gjort straffbare handlingar i tenesta, og for å gjere påtalevedtak i slike saker og føre sakene for retten. Spesialeininga er etablert som eit eige organ utanfor påtalemakta, men har altså likevel påtalekompetanse på sitt område, jf. straffeprosessloven § 67 sjette til niande leddet og påtaleinstruksen kapittel 34. Riksadvokaten kan gi instruksar om korleis eininga skal handsame straffesaker, og er òg klageorgan når det gjeld straffesakshandsaminga. Generaladvokaten utfører oppgåver som er lagde til påtalemakta i militære straffesaker.

I tillegg er Generaladvokaten juridisk rådgivar for Forsvarssjefen, og er saman med krigsadvokatane rådgivar for heile Forsvaret i straffe- og disiplinærsaker. Samstundes utgjer Generaladvokatembetet, saman med Krigsadvokaten for Sør-Noreg og Krigsadvokaten for Nord-Noreg, Den militære påtalemakta. Riksadvokaten og statsadvokatane er òg overordna påtalemakt i saker som gjeld brot på den militære straffeloven.Regjeringsadvokaten er staten sitt advokatkontor i sivile saker. Embetet er prosessfullmektig for departement i rettssaker, og hjelper regjeringa og departementa i rettslege spørsmål. Generaladvokaten med underliggjande embete og Regjeringsadvokaten er ikkje ein del av den sivile påtalemakta.

Politiadvokatane utgjer hovuddelen av påtalemakta i politiet reint talmessig, og leier etterforskinga til polititenestemennene. Som ansvarlege for etterforskinga har politiadvokatane det siste ordet når det gjeld kva for bevis politiet må forsøkje å hente inn, og kva for bevis som ikkje har noko å seie.

Politiadvokatane sorterer direkte under statsadvokatane i enkeltsaker. I rolla som påtalemakt er dei overordna politiutdanna tenestemenn.

Riksadvokaten har både det faglege og det administrative ansvaret for Den høgare påtalemakta. Økokrim er både eit statsadvokatembete med nasjonal makt og ei sentral politieining. Riksadvokaten har fagansvaret for straffesakshandsaminga ved Økokrim, men administrativt sorterer eininga under Politidirektoratet.

I kraft av stillinga si har politiadvokatar, og politifullmektigar, alminneleg politimakt. Dette følgjer av politiloven § 20.

Vanlegvis har den som blir tilsett som politiadvokat, minimum eitt års teneste som politifullmektig bak seg. I somme politidistrikt må ein ha hatt to års teneste før ein kan tilsetjast som politiadvokat. To års tenestetid som politijurist oppfyller kravet til advokatløyve, og politiadvokatane får omfattande prosedyrerøynsle og prosederer til dels vanskelege og tidkrevjande saker.