Riksadvokatembetet

Riksadvokaten har den overordna leiinga av påtalemakta.

Riksadvokaten har den overordna leiinga av påtalemakta. Riksadvokaten sorterer ikkje under eitt enkelt departement, og berre Kongen i statsråd (regjeringa) kan i prinsippet instruere om maktutøvinga i enkelttilfelle. At riksadvokaten er uavhengig, blir sett på som eit gode, og det finst ingen døme på at regjeringa har nytta instruksjonsretten i praksis. I nokre svært få saker legg loven tiltalespørsmålet direkte til Kongen i statsråd, som då tek avgjerd om tiltale etter innstilling frå riksadvokaten.



Riksadvokatembetet bestemmer kvart år kva typar brotsverk påtalemakta skal prioritere. Prioriteringsrundskrivet for 2012 kan du lese her.

Riksadvokaten avgjer tiltalespørsmålet for dei mest alvorlege brotsverka, dvs. lovbrot som kan straffast med fengsel inntil 21 år, og enkelte andre brotsverk. Embetet avgjer dessutan klager på påtalevedtak som statsadvokatane og Spesialeininga for politisaker gjer.

Riksadvokatembetet fører tilsyn med og arbeider for kompetanseheving i resten av påtalemakta, slik at straffesakshandsaminga blir driven målretta og effektivt, samstundes som krava til kvalitet og rettstryggleik blir oppfylte.

Riksadvokaten arbeider dessutan for at det rettslege rammeverket skal brukast og utviklast slik at det utgjer eit best mogleg grunnlag i kampen mot kriminalitet. Embetet aktorerer regelmessig saker for Høgsterett og legg stor vekt på å medverke til utvikling av regelverket ved å uttale seg i høyringar, gjere lovgivarane merksame på behov for lovendringar og delta i den offentlege debatten om kriminalpolitiske spørsmål.

Tor-Aksel Busch har vore riksadvokat sidan 1997.