Statsadvokatembeta

Statsadvokatane er underordna riksadvokaten og overordna påtalemakta sine tenestemenn i politiet.

I Noreg er alle statsadvokatar embetsmenn, og dei er tilknytte anten ein av dei 10 statsadvokatregionane, Det nasjonale statsadvokatembetet eller Økokrim. Ein statsadvokat avgjer tiltalespørsmålet for mange alvorlege brotsverk og opptrer som aktor i retten.


Den høgare påtalemakta er ei fellesnemning på alle statsadvokatregionane, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Kvar av statsadvokatregionane er leidd av ein førstestatsadvokat.

Overfor det enkelte politidistriktet er det statsadvokatane i regionen som tek seg av den faglege leiinga til påtalemakta. Eit eige nasjonalt statsadvokatembete har ansvaret for fagleiinga og straffesakshandsaminga ved Kripos, som er eit særorgan i politiet, og ved Den sentrale eininga i Politiets tryggingsteneste.

Dei regionale statsadvokatembeta er:

 

Statsadvokatregionar Underliggjande politidistrikt
Agder statsadvokatembete Agder politidistrikt
Hedmark og Oppland statsadvokatembete Hedmark, Vestoppland og Gudbrandsdal politidistrikt.
Hordaland statsadvokatembete Hordaland politidistrikt.
Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembete Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Nordland statsadvokatembete Salten, Helgeland og Midtre Hålogaland politidistrikt.
Oslo statsadvokatembete Oslo, Follo, Østfold, Romerike, Asker og Bærum, Søndre Buskerud og Nordre Buskerud politidistrikt.
Rogaland statsadvokatembete Rogaland, Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Embetet har i tillegg ansvaret for fiskerisaker frå Sør-Trøndelag til svenskegrensa og oljesaker.
Troms og Finnmark statsadvokatembete Troms, Vest-Finnmark, Øst-Finnmark politidistrikt og Sysselmannen på Svalbard.

Embetet har i tillegg ansvar for fiskerisaker frå Nord-Trøndelag til Grense Jakobselv.
Trøndelag statsadvokatembete Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag politidistrikt.
Vestfold og Telemark statsadvokatembete Vestfold og Telemark politidistrikt.