Økokrim

Økokrim
Foto: Jon Petter Reinertsen/Samfoto

Økokrim-sjef: Trond Eirik Schea
Besøksadresse: C.J. Hambros plass 2B, 0164 Oslo
Postadresse: Postboks 8193 Dep., 0034 Oslo
Telefon: 23 29 10 00
Fax: 23 29 10 01
E-post:
post.okokrim@politiet.no
Hjemmeside: okokrim.no

Den sentrale eininga for etterforsking og påtale av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet (ØKOKRIM) blei oppretta i 1989. ØKOKRIM er ei sentral og landsdekkjande eining som skal kjempe mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet. Dei formelle reglane om ØKOKRIM finst i påtaleinstruksen kapittel 35.

ØKOKRIM er både eit statsadvokatembete med nasjonal makt og eit sentralt politiorgan. Som statsadvokatembete avgjer ØKOKRIM om det skal reisast tiltale i straffesaker, og fører sakene for retten på vegner av påtalemakta. Som politiorgan etterforskar ØKOKRIM eigne straffesaker.