Riksadvokaten si handsaming av klager i "Drevland-saka"

Riksadvokaten har handsama to klager over Hordaland statsadvokatembete si bortlegging av den såkalla "Drevland-saka". Det var ført fram at statsadvokaten var inhabil og at riksadvokaten måtte vurdera saka på nytt. Riksadvokaten konkludera med at framføringa om inhabilitet ikkje fører fram, og at klagene utover dette må avvisast.

Statsadvokaten i Hordaland avgjorde 16. desember 2016 å legge bort saka mot de tre sikta i den såkalla "Drevland-saka". Bortlegginga blei i januar d.å. klaga inn til statsadvokaten og deretter sendt riksadvokaten. 

I klagene var det ført fram at statsadvokaten som avgjorde bortlegginga, var inhabil til å handsame saka, og at riksadvokaten må vurdere denne på nytt. Riksadvokaten kom til at ingen av klagarane hadde klagerett etter straffeprosesslova § 59a. Man avgjorde likevel å ta stilling til om statsadvokaten var inhabil. Dette for å sikre at ein sentral saksbehandlingsregel vert etterlevd.  Føringane om inhabilitet førte ikkje fram, og utover dette blei klagene avvist. Riksadvokaten sitt vedtak kan ikkje klagast på.

Les riksadvokaten si avgjerd her:

Last ned filKlage over henleggelse i Drevland-saken(2 2 9kb)