Riksadvokaten sine mål og prioriteringar for 2016

Draps- og valdssaker - mellom anna vald mot barn og mishandling i nære relasjonar - grov profittmotivert kriminalitet, alvorleg økonomisk kriminalitet, dødsulykker i trafikken og hatkriminalitet. Det er riksadvokaten sine prioriteringar for 2016, der og ny handlingsplan for løft av etterforskingsfeltet varslast.

Riksadvokaten understrekar i sitt Mål- og prioriteringsrundskriv for 2016 at trugsmålet frå organiserte kriminelle miljø og den alvorlege kriminaliteten skal møtast med tilstrekkeleg alvor. Faren for terror og valdeleg ekstremisme skal framleis viast nødvendig merksemd. Migrasjonsutviklinga vil påverke kriminalitetsbildet i 2016, både i form av kriminalitet retta mot sårbare utlendingar og kriminalitet utførd av utlendingar som oppheld seg ulovleg i Noreg.

Straffenivået for mishandling i nære relasjonar, særleg for grove lovbrot, skal hevast. Lovgjevar sine klare føringar om strenge straffer i valdssaker og  ved seksuallovbrot skal fortsatt følgjast opp. (Riksadvokaten minner om at det er viktig å vurdere om omvendt valdsalarm kan nyttast ved kontaktforbod). Og reaksjonsspørsmålet ved grov profittmotivert kriminalitet, dødsulykker i trafikken og alvorlege truslar skal viast særleg merksemd. Trugsmål og vald mot representantar for pressen, dommere og andre særskilt utsatte yrkesgruppar er urovekkande og skal takast på største alvor.

Riksadvokaten minner om at grov profittmotivert kriminalitet framleis skal møtast med strenge reaksjonar og at man fortsatt skal ha merksemd på inndraging av utbytte, slik at kriminalitet ikkje skal løne seg.

I 2016-rundskrivet er Riksadvokaten oppteken av at ikkje etterforsking blir skadelidande i konkurranse med politiet sine øvrige oppgåver. Ein balanse mellom etterforsking, påtalearbeid og andre oppgåver blir støtta av Justis- og beredskapsdepartementet, som i Prop. 1 seier: "Betydningen for aktiv og god politifaglig og påtalefaglig ledelse i det løpende straffesaksarbeidet understrekes". Handlingsplanen for eit løft av etterforskingsfeltet ventast ferdig i første halvår 2016. Der er mellom anna engasjement for etterforskingsfaget hos toppleiinga i politiet, etterforskingsleiing og eit meir forpliktande system med omsyn til kvalitet, trening og evaluering suksessfaktorar.

Straffesaksbehandlinga sitt hovudmål er å bidra til redusert kriminalitet. For å oppnå ein slik effekt må straffbare tilhøve bli avdekka og oppklara slik at gjerningspersonane kan straffeforfølgast og dømmast til riktig straff. Måla om høg oppklaring, kort saksbehandlingstid og adekvat reaksjon ligg derfor fast.

Kontaktperson: konst. førstestatsadvokat Reidar Bruusgaard, tlf 992 07 781

Last ned filMål- og prioriteringsrundskriv 2016(2 8 4kb)