God framferd i påtalemakta

Riksadvokaten har i eit nytt rundskriv fastsett etiske retningslinjer for alle tilsette i påtalemakta. Formålet er å rette merksemd mot god framferd og etikk, samt å auke medvit om ulike etiske dilemma som medarbeidarar i påtalemakta kan møte i sitt daglege arbeide.

-Krava til medarbeidarane i påtalemakta om mellomanna sjølvstende, objektivitet og integritet er velkjend, men eit felles sett med retningslinjer vil likevel bidra til å sikre at dei tilsette i påtalemakta betre kan handtere ulike etiske dilemma som kan oppstå i kvardagen.  Til fleire av retningslinjene er det gitt supplerande merknader som forklarer og utfyller innhaldet i den aktuelle retningslinja, seier riksadvokat Tor-Aksel Busch.

Riksadvokaten forventar at kvar og ein i påtalemakta gjer seg kjend med  innhaldet i dei etiske retningslinjene og tar omsyn til desse i den praktiske oppgåveløysinga. Ved påtalemøte og andre samlingar skal det og viast merksemd til dei etiske retningslinjene.

Les dei etiske retningslinjene for påtalemakta her:

Last ned filEtiske retningslinjer for påtalemyndigheten(2 0 1kb)