Betre og meir effektiv straffesaksbehandling i domstolane
Riksadvokaten har i brev til statsadvokatane og politiet oversendt ein ny rapport med oppdaterte retningslinjer for domstolsbehandlinga av større straffesaker.
I august 2021 oppnemnde Domstoladministrasjonen, riksadvokaten, Politidirektoratet, Dommerforeningen og Advokatforeningen ei arbeidsgruppe (Arbeidsgruppe 2) som fekk i oppdrag å oppdatere og supplere retningslinjer for straffesaksbehandlinga i tingrettane og lagmannsrettane som ei tidlegare arbeidsgruppe (Arbeidsgruppe 1) la frem i januar 2020. . Rapporten frå den nye arbeidsgruppa var ferdig i april.
Retningslinjene er oppdatert med relevante lovendringar som har kome etter rapporten frå Arbeidsgruppe 1, særleg lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringar i straffeprosesslova, om blant anna aktiv saksstyring.
Den nye arbeidsgruppa evaluerer òg erfaringar frå pandemien som domstolane, påtalemakta og forsvararane har gjort seg. I tillegg tar rapporten for seg helse-, miljø og sikkerheitsspørsmål (HMS) under hovud- og ankeforhandling om aktorane og forsvararane sine behov for tilrettelegging.
Riksadvokaten har i brev til statsadvokatembeta og politidistrikta slutta seg til drøftingane og dei konkrete anbefalingane frå arbeidsgruppa, og understrekar at påtalemakta må streve etter å følgje retningslinjene.
Tilsette i påtalemakta bør sjå rapporten i samband med Riksadvokaten si skriftserie nr. 1/2018 om effektivisering av domstolsbehandlinga av større straffesaker.
Les rapporten og riksadvokatens brev her: