Årsrapport for den høgare påtalemakta 2023
Måloppnåinga ved dei regionale statsadvokatembeta var i 2023 tilfredsstillande. Antall rettsdagar har auka og avgjorte saker er nesten tilsvarande 2022.
Restansar er redusert og andelen frifinningar held seg stabil på om lag ni prosent.
Vi har i 2023 mellom anna gitt ut eit nytt rundskriv om vald i nære relasjonar og nye retningslinjer for avhøyr av barn og særleg sårbare personar som er mistenkt i straffesak.
2023 var det første året dei nye reglane om å delegere påtalekompetanse til påtalemakta i politiet blei implementert fullt ut. Det har frigjort meir kapasitet i Den høgare påtalemakta til å drive fagleiing.
Les årsrapporten her: