Generaladvokatembetet blir avvikla
Generaladvokaten sitt embete skal frå 1. juli 2024 overførast til Riksadvokatembetet. Riksadvokaten sitt militære påtaledirektiv gjeld frå same dato.
Krigsadvokatene sine stillingar skal overførast til Forsvaret, som og vil ivareta alle tenester knytta til rådgiving, tilsyn og kontroll med disiplinærsaker. Endringane inneber mellom anna at alle straffesaker skal behandlast av påtalemyndigheten i politiet og at all saksbehandling med disiplinærsaker vil skje i Forsvaret.
Avviklinga av embetet blei beslutta i statsråd 3. mai i år. I statsråd 31. mai 2024 blei iverksettjng av lov 24. november 2023 nr. 85 om militær politimakt (militærpolitilova) og lov nr. 84 av same dato om endringar i forsvarslova mv. (militær disiplinærmakt) del I-v og del VII og VIII satt til 1. juli 2024.
I kongeleg resolusjon av 14. juni d.å. er beslutta endringar i straffeprosesslova si Tiende del om Rettergangsmåten i militære straffesaker. Desse trer og i kraft 1. juli 2024 og riksadvokaten sine direktiv for behhandlinga av straffesaker knytta til Forsvaret (sjå nedanfor) gjeld frå same tidspunkt.