Årsrapport for Den høgare påtalemakta 2019
Måloppnåinga ved dei regionale statsadvokatembeta var i 2019 tilfredsstillande. Saksmengda har auka markant dei seinere åra. Restansane har gått ned. Antall rettsdagar er nesten tilsvarande rekordåret 2016, og mykje tid er brukt til fagleiing av politiet.
Iverksetting av Etterforskingsløftet og digitalisering av straffesaksbehandlinga har teke mykje tid i 2019. Statsadvokatene avgjorde i alt 82.282 saker, det høgste antall avgjersler dei siste fem åra. Antall rettsdagar var på 3 602, men antallet aktoratar var på tilsvarande nivå som i 2018. For riksadvokaten blir det i 2020 ei viktig oppgåve – i samråd med dei regionale embetsleiarane – å utvikle fagleierrollen vidare.