Årsrapport for den høgare påtalemakta 2023

Måloppnåinga ved dei regionale statsadvokatembeta var i 2023 tilfredsstillande. Antall rettsdagar har auka og avgjorte saker er nesten tilsvarande 2022.

Restansar er redusert og andelen frifinningar held seg stabil på om lag ni prosent.

Vi har i 2023 mellom anna gitt ut eit nytt rundskriv om vald i nære relasjonar og nye retningslinjer for avhøyr av barn og særleg sårbare personar som er mistenkt i straffesak.

2023 var det første året dei nye reglane om å delegere påtalekompetanse til påtalemakta i politiet blei implementert fullt ut. Det har frigjort meir kapasitet i Den høgare påtalemakta til å drive fagleiing.

Les årsrapporten her:

 

  • Last ned dokumenter
  • Årsrapport for DHP2023 Signert (917kb) Last ned
  • Årsregnskap Etter R 115 (335kb) Last ned