God framferd i påtalemakta
Riksadvokaten har i rundskriv 2/2017 fastsett etiske retningslinjer for alle tilsette i påtalemakta. Formålet er å rette merksemd mot god framferd og etikk, samt å auke medvit om ulike etiske dilemma som medarbeidarar i påtalemakta kan møte i sitt daglege arbeide.
Krava til medarbeidarane i påtalemakta om mellomanna sjølvstende, objektivitet og integritet er velkjend, men eit felles sett med retningslinjer vil likevel bidra til å sikre at dei tilsette i påtalemakta betre kan handtere ulike etiske dilemma som kan oppstå i kvardagen. Til fleire av retningslinjene er det gitt supplerande merknader som forklarer og utfyller innhaldet i den aktuelle retningslinja, seier riksadvokat Tor-Aksel Busch.
Riksadvokaten forventar at kvar og ein i påtalemakta gjer seg kjend med innhaldet i dei etiske retningslinjene og tar omsyn til desse i den praktiske oppgåveløysinga. Ved påtalemøte og andre samlingar skal det og viast merksemd til dei etiske retningslinjene.
- Last ned dokumenter
- Etiske retningslinjer for påtalemyndigheten Last ned