Kvalitetsundersøkinga 2024 – valdtektssaker

For tredje gong har statsadvokatane systematisk undersøkt valdtektssaker frå heile landet. Undersøkinga viser at politiet i hovudsak er gode på etterforsking av slike saker, men at mellom anna kompetansen på og sikring av digitale spor må bli betre.

Undersøkinga av valdtektssaker er del av statsadvokatane si fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet. Målet er å sjå om kvaliteten på etterforskinga og påtalearbeidet er god nok i slike saker. Den nasjonale rapporten er basert på datamaterialet frå saksgjennomgang som statsadvokatane har gjort i alle politidistrikt, intervju, utgreiing frå politimeisteren, spørjeundersøking om kompetanse, samt rapportane som statsadvokatane har utarbeida for kvart politidistrikt.

– Rapporten viser at i fleirtalet av sakene har etterforskinga vore tilfredsstillande eller av betre kvalitet. Mellom anna held avhøyra av fornærma eit godt nivå og dei blir gjennomført innan rimeleg tid. Politiet kan bli betre på å sikre elektroniske spor og bruk av etterforskingsplanar samt at politiet bør auke kompetansen noko. Dette vil vi følgje opp i samråd med Politidirektoratet, seier riksadvokat Jørn Maurud.

Les rapporten her:

 

  • Last ned dokumenter
  • Kvalitetsundersøkelsen 2024 Nasjonal rapport (1532kb) Last ned
  • Kvalitetsundersøkelsen 2024 – Følgebrev (89kb) Last ned