Nytt rundskriv om vald i nære relasjonar

Det nye rundskrivet frå riksadvokaten erstattar rundskrivet frå 2008 om familievald.

Vald og andre krenkingar mot nærståande er eit stort samfunnsproblem, og saker om alvorleg vald mot barn og mishandling i nære relasjonar skal politiet og påtalemakta prioritere. Eit særtrekk ved desse sakene er at lovbrytar og fornærma har tette og langvarige relasjonar, og etterforskinga må frå start ta høgde for at det kan være vanskeleg å sikre bevis.

Hovudlinene i direktiva frå 2008 er vidareført, men rundskrivet er oppdatert med gjeldande regelverk, og omhandlar nokre nye problemstillingar.

Straffelova § 282 omhandlar mishandling i nære relasjonar. Rundskrivet gjeld, så langt det passar, også vald og andre straffbare krenkingar i nære relasjonar. Direktiva kan og gje god rettleiing til politiet og påtalemakta i arbeidet med saker om vald i liknande relasjonar, for eksempel i langvarige kjærasteforhold.

Rundskriv nr 2/2023 erstattar riksadvokaten sitt rundskriv nr 3/2008.

Les det nye rundskrivet her.

  • Last ned dokumenter
  • Rundskriv 2 2023 Vold i nære relasjoner (310kb) Last ned