Den høgare påtalemakta

Påtalemakta i Noreg har tre nivå:
⦁ riksadvokaten
⦁ statsadvokatane
⦁ påtalemakta i politiet

Dei to øvste nivåa utgjer Den høgare påtalemakta. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, både i politiet og i Den høgare påtalemakta.
Sjå meir informasjon om dei enkelte nivåa i lenkjene til høgre.

Påtalemakta i politiet avgjer tiltalespørsmålet i dei fleste saker, men i ein del alvorlege saker er det statsadvokaten eller riksadvokaten som har tiltalekompetansen. Reglane om dette finst i straffeprosesslova kapittel 7.

Påtalemakta skal vera objektiv sjølv om ho er part i straffesaka. For å ta ut tiltale må den påtaleansvarlege vera overtydd om straffskuld og dessutan meine at det kan førast tilstrekkelege bevis for straffeskuld mot gjerningspersonen i retten.

Dersom beviskravet ikkje er oppfylt, kan ikkje påtalemakta reise tiltale eller leggje ned påstand om straff. Om lag 95 prosent av alle straffesaker som vert førte i domstolen, endar med domfelling.

  • Mål og verdiar

    Hovudmålet for Den høgare påtalemakta er å medverke til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, og samtidig oppfylle krava til høg kvalitet og rettstryggleik.

    Verdigrunnlag for Den høgare påtalemakta:

    ⦁ Strafferettssystemet, inkludert vår eiga oppgåveløysing, skal alltid tola kritisk lys.
    ⦁ Rettargangen i straffesaker i Noreg har eit humant preg som vi må ta vare på.
    ⦁ Rettstryggleik i vid tyding har avgjerande verdi, ikkje minst for tillita mellom staten og borgarane.
    ⦁ Det er ingen grunnleggjande motsetnad mellom menneskerettar og kamp mot kriminalitet.

  • Uavhengig påtalemakt

    Eit tospora system

    Ansvarsområdet til politiet er todelt: Medan riksadvokaten har ansvaret for straffesaksbehandlinga, har Politidirektoratet og Justisdepartementet ansvaret for administrative, økonomiske og polisiære spørsmål, som til dømes førebyggjande verksemd og ordensteneste.

    Det er slått fast i straffeprosesslova § 55 at påtalemakta er uavhengig ved behandlinga av kvar enkelt straffesak. Ingen kan instruera påtalemakta i enkeltsaker eller gjera om eit påtalevedtak. Dette sjølvstendet inneber at ingen utanfor påtalemakta, heller ikkje politiske styresmakter, kan gi instruksar om behandling i ei straffesak.

     

    Nynorsk orgkart

  • Integrert påtalemakt

    I Noreg er første nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta, som blir leidde av politimeistrane. Ein av dei viktigaste fordelane med å ha ei påtalemakt i politiet, er at det legg til rette for eit nært samspel mellom påtalejuristar og polititenestemenn under etterforskinga, ein såkalla integrert og framskoten påtalefunksjon.

    Påtalejuristen, som ofte er ein politiadvokat, skal klarleggja kva faktiske omstende etterforskinga bør avklare. Politietterforskarane skal få fram den etterspurde informasjonen, gjennom mellom anna ulike typar undersøkingar og avhøyr. Nokre metodar for innhenting av informasjon krev vedtak frå påtalemakta eller domstolane, slik at påtalejuristen også av den grunn må trekkjast aktivt inn i etterforskinga.

    Også i Danmark er påtalemakta integrert i politiet, medan dei fleste andre vestlege land, som til dømes Sverige, har eit tydlegare administrativt skilje mellom politi og påtalemakt. Men også i desse landa har påtalemakta som regel ei sentral rolle i etterforskinga.

    Les meir om påtalemakta i politiet her.

  • Spesialeininga

    Spesialeininga for politisaker har ansvaret for å etterforske, påtaleavgjere og føre saker mot tilsette i politi- og påtalemakt om straffbare handlingar i tenesta. Spesialeininga er eit eige organ utanfor politi- og påtalemakta, men har likevel påtalekompetanse på sitt område, jf. straffeprosesslova § 67 sjette til niande ledd og påtaleinstruksen kapittel 34. Riksadvokaten kan gi instruksar om og er klageorgan for straffesaksbehandlinga i Spesialeininga.

  • Nyttige lenkjer
    • Økokrim er kompetansesenteret i politiet og påtalemakta for bekjemping av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
    • Politidirektoratet har ansvaret for å leie og samordne politiet. Politiet si straffesaksbehandling er det likevel riksadvokaten som har det overordna ansvaret for.
    • Politi.no er politiet si heimeside.
    • Domstoladministrasjonen er overbygningen for domstolane og jordskifterettane.
    • Lovdata er ei privat stifting som Justisdepartementet og Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo oppretta i 1981 for å for å få på plass eit system for rettsleg informasjon. Nettstaden gir gratis tilgang til m.a. lover, sentrale og lokale forskrifter og nye høgsteretts- og lagmannsrettsavgjerder. Lovdata har dessutan ei betalingsløysing for tilgang til andre rettskjelder.
    • Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap, kriminalitetsbekjemping og kriminalomsorg, innvandring og integrering, domstolar, lovarbeid og polarområda.
    • Regjeringen.no  er regjeringa og departementene si heimeside.
    • Regjeringsadvokaten er staten sitt advokatkontor i sivile saker. Embetet er prosessfullmektig for departementer i rettssaker, og bistår regjeringa og departementene i rettslege spørsmål. Regjeringsadvokatembetet er ikkje ein del av påtalemakta.
    • Sivilombodet kontrollerer forvaltninga. Kontrollen blir utført på grunnlag av klager frå borgarane om urett og feil som måtte være gjort av offentleg forvaltning.
    • Stortinget  er den norske nasjonalforsamlinga og den lovgivande makta i Noreg.
    • Eurojust er eit samarbeid på statsadvokatnivå mellom land i Europa for å lette samarbeid over landegrensene i straffesaker.
    • Europol er eit europeisk politisamarbeid om straffesaker.

     

    Riksadvokatembete i Norden

Bildet viser riksadvokat Jørn Maurud.

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud

Tidlegare riksadvokatar er:
1889–1901 Bernhard Getz
1901–1904 Johan Blackstad
1906–1911 Harald Smedal
1911–1929 Peder Kjerschow
1928 Otto Backe
1929–1940 Haakon Ragnvald Olsen Sund
*
1945–1946 Sven Arntzen
1946–1967 Andreas Aulie
1968–1979 Lauritz Dorenfeldt
1979–1986 Magnar Flornes
1986–1997 Georg Fredrik Rieber-Mohn
1997– 2019 Tor-Aksel Busch
2019– Jørn Sigurd Maurud

* 1941–1945 Jørgen Kornelius Nordvik,
konstituert av det kommissariske statsrådskollegium

 

Riksadvokatembetet Statsadvokatembeta Påtalemakta i politiet