Riksadvokaten har den overordna leiinga av påtalemakta. Hovudmålet for Riksadvokatembetet er å medverke til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, samtidig som ein innfrir krava til høg kvalitet og rettstryggleik.
Riksadvokaten fastset årleg kva kriminalitetstypar påtalemakta skal prioritera, og kva krav som skal stillast til behandlinga av straffesaker i politiet og hos statsadvokatane.
Riksadvokaten avgjer tiltalespørsmålet for den mest alvorlege kriminaliteten. Riksadvokaten avgjer også klager over påtalevedtak som statsadvokatane og Spesialeininga for politisaker fattar.
Riksadvokatembetet fører tilsyn med, og arbeider for kompetanseheving i påtalemakta elles, slik at straffesaksbehandlinga blir driven målretta og effektivt, samtidig som krava til kvalitet og rettstryggleik blir vareteken. Dessutan arbeider riksadvokaten for at det rettslege rammeverket skal nyttast og utviklast for ein best mogleg innsats mot kriminalitet. Embetet aktorerer regelmessig saker for Høgsterett. Det blir lagt stor vekt på å medverke til regelverksutvikling ved å gi høyringsfråsegner, gjera lovgjevarane merksam på behov for lovendringar og å delta i den offentlege debatten om kriminalpolitiske spørsmål. Det er eit tett samarbeid med utanlandske styresmakter, mellom anna ved at rettsoppmodingar til og frå andre land blir behandla ved embetet.
I tråd med verdigrunnlaget for Den høgare påtalemakta skal dei tilsette ved Riksadvokatembetet:
⦁ medverke til at alle statsadvokatembeta og politidistrikt kan nå dei fastsette mål for straffesaksbehandlinga
⦁ medverke til at innsatsen frå politi- og påtalemakt mot grove integritetskrenkingar, grov profittmotivert og annan alvorleg kriminalitet er best mogleg
⦁ medverke til at Den høgare påtalemakta er ein garantist for rettstryggleik
⦁ medverke til at det rettslege rammeverket blir nytta og utvikla slik at det gir best mogleg innsats mot kriminalitet og tryggleik for den enkelte. Samtidig må ein ta omsyn til menneskerettar og rettstryggleik både for kriminalitetsoffer og sikta
⦁ medverke til at internasjonalt samarbeidet i straffesaker blir best mogleg m.a. gjennom utveksling av informasjon og rask og effektiv behandling av rettsoppmodingar
⦁ sørge for at Den høgare påtalemakta blir organisert og blir drifta på ein effektiv måte
⦁ arbeide for at budsjettildeling til Den høgare påtalemakta gir nødvendig handlingsrom til å utføra oppgåvene i eit godt og sunt arbeidsmiljø
⦁ medverke til at Den høgare påtalemaktas arbeidsvilkår er så gode som mogleg
⦁ arbeide for at Den høgare påtalemakta har motiverte medarbeidarar med høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø
Ved straffesaksbehandlinga er riksadvokaten overordna statsadvokatane og påtalemakta i politiet. I Noreg er alle statsadvokatar utnemnde som embetskvinner eller -menn. Statsadvokatane er tilsett anten ved Riksadvokatembetet, ved eit av dei 10 regionale statsadvokatembeta, Det nasjonale statsadvokatembetet (NAST) eller Økokrim.
Riksadvokaten har både fagansvaret og det administrative ansvaret for statsadvokatane. Politidirektoratet har det administrative ansvaret for påtalemakta i politiet. Økokrim er både eit statsadvokatembete med nasjonal styresmakt og er eit særorgan i politiet. Riksadvokaten har fagansvaret for straffesaksbehandlinga ved Økokrim, men administrativt er eininga underlagd Politidirektoratet.